About this spot
Plassering: Utenfor apoteket og Sport 1, ved krysset Kirkegata-Jernbanegata. “Det er allerede store ting å ikke ligge landfast på et aldeles galt sted…” Alberte og friheten er midterste boka i Albertetrilogien, som opnar med Alberte og Jakob og sluttar med Bare Alberte. Her har Alberte reist frå den nordnorske kystbyen og til Paris, ein by ho på ingen måte tek med storm. Ho er unnselig og lett å oversjå, der ho lever i periferien av eit kunstnarmiljø utan å måle sjølv. Men vi som kjenner henne, vi merkar den seige, harde viljen som her står i ein spennande kontrast til ein særeigen, flytande tilstand der storbyen Paris er som ein flimrande, fargesterk mosaikk og der ulike tider glir over i kvarandre gjennom assosiasjonar. Eg siterer: “Synet av en isbit som sval og glatt glir ned i et glass vermut får Alberte til å tenke på en selhund hun så på sirkus en gang.” Vi er midt i Europa og kan trygt tenke både på Marcel Proust og Virginia Woolf. Cora Sandel er som få i stand til å skape eit menneske gjennom korte karakteristikkar som er så skrape i kanten at det søkk i ein, for teksten er samtundes så lågmælt at effekten blir formidabel. Portrettet av Alberte er eit portrett av ei kvinne og av ein kunstnar og av eit kjempande menneske som verkar forbløffande friskt og nærverande 75 år etter at det først kom ut. Problematiseringa av det objektiviserande blikket på kvinna kjennest dessverre også like aktuelt i dag. Foto: Øystein Nordås
Facilities
Reviews
No reviews yet — been here? Reviews are coming to CampCompass soon.