About this spot
Trollauget, eller berre “auget”, er det lokale namnet på vatnet som ligg mellom Nonsnipa og Middagsfjellet. Når du ser på kartet forstår du kvifor vatnet har fått namnet sitt. Mange lokale tek eit bad i dette vatnet når dei er på fjelltur til Nonsnipa eller Middagsfjellet . Lokal historie som er knytt til Gygra og vatnet Trollauget ved Middagsfjellet og Nonsnipa. Formidla av Egil Juklestad Dette er historia om Gygra i Løsetfjellet og Sørsidetrollet som far min Johannes J. Juklestad fortalde. Gygra budde i Løsetfjellet, og sørsidetrollet budde i Trollebotnen som ligg like ved Middagsfjellet i Hammarsbotnen. Ein dag for lenge sidan hadde desse to bestemt seg for å kappkaste med nokre store steinar. Gygra i Løsetfjellet kasta først. Steinen ho kasta landa i fjæra ved Gardslåttene, der det i dag er naust og båthamn. Så var det Sørsidetrollet sin tur. Steinen vart kasta, og landa like ved land nær Løsetslåttene. Båe var opptekne med sitt, og hadde gløymd at morgonen snart kraup på. Sola skein sine første strålar mot nordsida, og Gygra vart til stein. Sørsidetrollet såg kva som skjedde, og ville skunde seg inn i hola si, for å gøyme seg for sola. På veg inn hengde eine auge seg fast i ei rot og vart hengande der. Her samla det seg etterkvart vatn til ei lita tjønn og vart difor heitande Trollauge. Trollauge finn du i dag mellom Middagsfjellet og Nonsnipa. Utan at eg har teke mål, trur eg Sørsidetrollet kasta lengst, men steinen som Gygra kasta var størst. Gjengitt etter løyve frå Egil Juklestad (Facebookinnlegg i 2024) Kommentar: Steinane trolla kasta kan du den dag i dag sjå i Jølstravatnet. Steinane Gygra kasta finn du i fjæra i området aust for Gjesdalsøyane (der Solrenning camping er). Mens steinane Sørsidetrollet kasta finn du stikkande opp av vatnet Løset, som er på motsett side av vatnet. Gygra(Gygraklovet) er eige utsiktspunkt. Sjå lenke.
Facilities
Reviews
No reviews yet — been here? Reviews are coming to CampCompass soon.